28 juni 2009

Ishbel nr. 2

Ishbel nr. to er ferdig strikka, vaska og blokka.
Brukte BabySilk denne gongen og, ein lysegrå farge. DSA BabySilk er fantastisk å strikke med, og eg har allereie kjøpt inn meir.
Mønster på Ishbel kan kjøpast her.
No har vi hatt fleire dagar på rad med knallver. Det er heilt fantastisk, men eg merkar at vi ikkje er vande med sånn varme. Eg blir i alle fall ganske utslått i varmen, så trimming blir det lite av. Men i kveld blei det endeleg ein tur på setra. Var ikkje heime før halv tolv.

27 juni 2009

Midtsommarnatt

Sommaren er på det finaste no.
Desse bildene er tatt rundt midnatt fredag kveld.
I fjor var vi på ferie i tre veker på denne tida, så då gjekk vi glipp av dei lyse sommarnettene.

24 juni 2009

Sokkar i sommarsol......

Endeleg kom det litt skikkeleg sommartemperatur her på Vestlandet!
Eg strikkar og heklar litt kvar dag, men når ein jobbar på mange ulike ting samtidig, tar det tid før noko blir ferdig. Desse sokkane begynte eg på i mai og i dag blei dei fullført. Mellomtjukt garn på pinnar 3,5. Garnet har eg hatt i mange år, så det var greit å få brukt det.

23 juni 2009

Jonsokafta

Vi har som vanleg vore samla heile storfamilien i fjæra ved naustet og hatt Jonsokfeiring.
Enkel grilling og bål. 21 personar i alderen 5-81 år.

20 juni 2009

Sommarferie

No er skulane slutt og "lærarferien" begynt!
Det gjer ikkje noko om veret ikkje er heilt topp dei første dagane,
for eg er i ryddemodus for tida.
Har rydda så mykje på jobben dei siste vekene, at det passar med litt gradvis nedtrapping.
I går rydda og ommøblerte eg på syrommet.
Som vanleg blei eg litt sjokka over kor mykje eg har av garn, stoff og uferdige prosjekt,
så eg måtte berre gjere meg litt hard og kaste litt. Ein kan ikkje samle på alt.....
Skiftande ver i dag. Litt regn, sol og skyer.
Av og til varmt og av og til kaldt.
Lappetausa fekk Ishbel-sjalet i bursdagsgåve, så i dag kjøpte eg meir BabySilk slik at eg kan begynne på eit nytt til meg sjølv.
Eg likte veldig godt den beige fargen, men for å få litt variasjon kjøpte eg lysegrått i dag.
Trur det og kjem til å bli veldig fint. Kjøpte også to stoffbitar.
Fatet fekk eg av systra mi til bursdagen min tidlegare i veka.

15 juni 2009

Ishbel

Det gjekk fortare enn forventa å strikke dette sjalet.
No er det vaska og blokka og eg er ganske fornøgd.
Eg brukte to nøster BabySilk frå DSA, farge nr. 324 og pinne nr. 3,5.
Mønster kan kjøpast her.
Eg kjem nok til å strikke meir i BabySilk, for det garnet likte eg veldig godt!!

14 juni 2009

Søndagstur men ikkje sommarver

Vi var på setra i dag.
Minstemann var med, så då måtte vi spele litt Master Mind sidan veret ikkje var det heilt store. Det freistar ikkje med bading, sjølv om vi er komne midt i juni allereie...
Heime venta to søvnige kattungar.

12 juni 2009

Ishbel

I dag fekk eg feriepengar, og det måtte feirast med litt luksus.
Eg kjøpte tre nøster med Baby Silk, eit mjukt og herleg alpakkagarn frå Du Store Alpakka As.
Eg har ikkje strikka noko i det før, men no har eg lagt opp og begynt så vidt på eit sjal som eg har hatt i kikkerten lenge, nemleg Ishbel.
Ein kan velje mellom å strikke stort og lite sjal, eg satsar på eit lite eit. Synest fargen er nydeleg og garnet verkar også veldig bra!

06 juni 2009

Kattestudie

Eg har leika meg litt med å lage ein kollasj av den eine kattungen vår. Fint ver i dag, men kaldt inn i mellom. Ikkje noko skikkeleg sommartemperatur enno....

Stjerne nr. åtte

Stjerne nr. åtte til Roseteppet mitt er ferdig.
Stoffa til nr. ni er vaska og klare.......
...... og ikkje nok med det - det hopar seg opp her-
har fått stoff til nr. 10-18 også........
Så då manglar det berre to pakkar til. Det skal nemleg bli 24 stjerneblokker til saman.
I dag var Minstemann og eg hundepassarar for ei lita firbeint frøken som heiter Ylva.
Berre så skjønn!!

01 juni 2009

Biltur til Bremanger

I dag var vi på dagstur til Bremanger for å besøke foreldrene mine på hytta der.
Fjelltoppen til venstre på bildet er Hornelen, høgste sjøklippa i Nord-Europa.
Litt utpå kvelden var det blitt ganske overskya, men fint å sitte ute likevel.
Utsikt frå hytta mot havet. På denne plassen får du litt følelsen av å vere komen til verdens ende. Stilt og roleg og skikkeleg utkant.