31 mai 2009

Mai-oppsummering

30 mai 2009

Jakke i Svale

Etter mykje fram og tilbake, på leiting etter eit fint jakkemønster, er eg i gang med denne jakka til meg sjølv. Eg strikkar den i Svale frå Dale på pinne 3,5. Fargen er litt ubestemmeleg, ser brun ut på bildet her, men i skarpt lys er den litt kakigrønn/gammalrosa og.
Nydeleg ver i dag.

27 mai 2009

Pakke i posten!

I dag fekk eg pakke i posten frå Jordbærstedet. Måtte berre ha denne nye stitcheryboka til Natalie Bird. Ei nydeleg lita bok med mange koselege dyremotiv. Kjøpte også nokre motivstoff. Sjå korleis stoffa og motiva er brukt til posar her og herJordbærstedet sin blogg.
Sommarleg og fint - kjekt å ha!

23 mai 2009

Mini

Eg har strikka ei lita babyjakke i str. 6-12 mnd.
Mønsteret er det populære Mini frå Design.club.dk, kjøpt hos Pinnsvin Design i Bergen.
Eg brukte litt i underkant av 100 gram Rauma babyull frå garnlageret.
Det er veldig artig og lett å strikke jakke på denne måten, ovanfrå og ned. Ingen montering og få trådar å feste. Fargen er lys turkisblå.

22 mai 2009

Litt Vestlandsreklame

I går hadde vi ein fin tur til Hopland for å sjå på og gå under Tvinnefossen for første gong.
Nydeleg ver og natur. Det står på skiltet at dette er truleg den einaste fossen i Nord-Europa som både menneske og dyr kan gå under. Det er laga til ein sti bak/under fossen som ein kan gå på eige ansvar. Litt skummel fryd!


20 mai 2009

Hekla ruter - oppdatering

Eg har ikkje hekla på dei fargerike alpakkalappane mine på ei stund no,
men fem er blitt til elleve i løpet av mai.

Då eg først var ute og lufta lappane mine, måtte eg ta nokre bilder frå hagen også, sidan det var så fint fotolys i kveld. No er det veldig fint og grønt ute.
Det japanske epletreet blomstrar, og det er berre fantastisk den korte tida det varer!
Flo og stille elv. Ha ein fin helgedag i morgon!

18 mai 2009

17. mai

Vi hadde ein fin 17. mai i går!
Nydeleg ver, god mat og snille barn. Dei tre eldste gutane var ikkje så lette å få tatt bilder av, men eg satsar på fotoseanse når vi skal i konfirmasjon til kusina på søndag.

15 mai 2009

God fredagskveld!

Måtte ein ekstra tur på butikken i kveld.
På Mega hadde dei desse nydelege rosene til berre 49 kr!
På Narvesen kjøpte eg eit strikkeblad.
(føler meg litt forplikta til å kjøpe av og til sidan det var eg som fekk dei til å ta inn desse blada......)

15. mai

Det har blitt berre finare og finare ver dei siste dagane. I dag var det sommar her. Herleg!
Utsikt frå hagen.

13 mai 2009

Magiske sokkar....

.....Vel fullt så spanande er det ikkje. To par sokkar til Minstemann strikka i Magi frå Rauma.
Brukte akkurat to single 50 grams nøster som eg har hatt liggande lenge.
Etter ei periode med mykje regn og dårleg ver,
er det no blitt "sommar" igjen!
Det ser ut til at det blir flott ver på 17. mai i år!

11 mai 2009

Papirpose i stoff


Papirpose i stoff heiter dette mønsteret til Helle C. E. Løvenskiold.
Mønsteret er henta frå boka "Lapper for enhver anledning".
Veska blir stor og god (ca. 52x27 cm). Eg begynte på den etter å ha vore på foredrag med Helle på Regionstreffet i Førde i april. Veska er veldig kjekk og enkel å sy. Eg har brukt både gamle og nye stoff. Sydde på ein knapp og ei hempe for å kunne lukke den litt.

08 mai 2009

Fredagsstrikkeklubben

No har eg endeleg fått lese "Fredagsstrikkeklubben" av Kate Jacobs.
Det var ei kjekk og inspirerande bok. Fleire gongar blei eg så inspirert at eg måtte legge frå meg boka og strikke litt. Boka handlar om aleinemora Georgia som driv ein garnbutikk i New York.
Den handlar og om vennskap, svik, nye sjansar, liv og død. Boka har si eiga nettside her. Eg gler meg til å sjå filmen med Julia Roberts i hovudrolla.

07 mai 2009

Nytt hefte frå pt

pt har kome med eit nytt hefte, "design nr. 93 - interiør". Her er nokre smakebitar frå heftet.
Mange små og store prosjekt til heimen, nokre nye og nokre gamle modellar.

03 mai 2009

Mai-kveld

Noko av det som er fasinerande ved å bu ved ei elv, er å følgje dyre - og fuglelivet gjennom årstidene. Det er alltid noko å sjå på og noko som skjer i og ved elva. No er det måsetid. Vi har ein del fiskemåsepar som hekkar her langs elva. Det er dei samme para som kjem igjen år etter år, og det er samme opplegget med paring, ruging og ei travel tid når ungane er utklekka og fram til dei har lært å fly. Eg veit at mange er irritert på desse fuglane, men her er dei i eit naturleg hekkeområde, og vi har vel tilpassa oss kvarandre. Av og til kan eg bli litt oppgitt over fugledrit på klesvasken eller på hagebordet og skriking om natta når der er framandelement i elva (mink), men stort sett går det bra.
Framgang på teppet.

02 mai 2009

Hekla ruter

Eg har begynt på eit nytt hekleprosjekt, nok eit resteteppe/ "garnlager-teppe".
Eg blei dårleg i skuldrane av å hekle sekskantar av det tjukke bomullsgarnet mitt,
så no har eg gått over til alpakkagarn, og det går mykje betre.
Eg har mange single nøster med alpakkagarn liggande.
Det er mest Drops alpakka, men også litt Inca og tynn alpakka frå DSA.
Blei inspirert av teppet som det var mønster på i Familien 3/2009. Det er hekla i Drops alpaca.
Eg er litt usikker på kor fornøgd eg er med desse farganekombinasjonane.....