27 februar 2009

Ei lita veske

No har eg endeleg fått sydd denne Japan-inspirerte veska som eg fekk mønster på i fjor. Det er ein kollega av meg som har teikna grunnmønsteret. Ideen er frå ei japansk bok.
Pynten har eg "desinga" sjølv. Applikerte på ein sirkel og sydde på ein hekla blomst.


Synest denne fasongen er så fin! Viss nokon fekk veldig lyst på det stoffet som eg har brukt som hovudstoff (kjøpt hos Ingun), er det mogeleg å vinne det hos Lappetausa, som har Give Away i høve toårsdagen til bloggen sin!

25 februar 2009

Vinteridyll-pute

No har eg for ein gong skuld sydd ei pute som eg ikkje skal stikke nåler i.
Stitcheryet frå Jordbærstedet sin stitcheryklubb er ferdig. Eg valde ein litt enkel variant då eg broderte. Brukte berre ein farge (blåmelert Lenes silketråd), men angra ikkje på det. Eg brukte berre eit av dei fire stoffa som var med og. Synest dette blå/kvit-blomstrete er heilt nydeleg og passar godt til motivet. Det mørkeblå stoffet hadde eg frå før. Puta kunne sjølvsagt vore pynta litt meir med "snurpeblomstrar", knappar og band, men inntil vidare får den vere slik...

23 februar 2009

Wild Bird

Eg har sydd ein liten fugl som eg fann mønster på i
"Quilts and more - fall 2008".
Har planar om å sy fleire sånne i ulike fargar, for den var så rask og enkel å lage!

22 februar 2009

Ny hobby

Eg er freista til å begynne med ein ny hobby, nemleg kortlaging. Minstemann fekk dette fine kortet til bursdagen sin i går. Det er laga av mora til ein av kameratane i barnehagen. Kjempekoseleg å få eit sånt fint kort!

No har eg fått tantebarnet mitt på 8 år til å begynne å sy stitchery. Ho er så ivreg (og som kvinner flest likar ho å gjere minst to ting på ein gong..), så her sit ho og syr samtidig som ho ser på at bursdagsbarnet spelar det nye Josefinespelet som han fekk i gåve.
Det første stitcherybildet er ein hest, sjølvsagt.
Tippar at det neste blir ei kanin!
Vi har berre teikna av ei teikning som vi fann i ei fargeleggingsbok.

21 februar 2009

Bursdag

Denne dagen har vi venta lenge på, faktisk i fleire månader! Minstemann vakna eit par timar tidlegare enn vanleg denne laurdagsmorgonen (sukk), og her sit han klar for litt action...
Spiderman-drakta har ikkje vore av sidan i går tidleg,
det var nemleg karneval i barnehagen i går!
I dag er det 5 år sidan Minstemann blei født, seks veker før termin, på kong Harald sin bursdag.
Han er yngst av fire brør og er 16 år yngre enn eldstemann.
Hurra for 5-åringen!

20 februar 2009

Vinterferie

Då er eg klar for vinterferie! Har kjøpt 9,5 timar med Marple (Agatha Christie) på Rema i dag......... Så viss eg finn ein ledig tv i løpet av veka, har eg planar om å sjå litt på henne. Det skulle passe fint å kombinere med å sy litt på stjerneblokkene........

16 februar 2009

Søt og sommarleg

I helga blei det mykje innesitting på grunn av at minstemann var sjuk. I går fekk eg difor sydd denne nåleputa, som er ei av fem i siste kit frå Pin Cushion of the month. Strikkefar syntest det var mykje arbeid for ei lita nålepute, og eg forstår for så vidt kva han meiner.......

14 februar 2009

Verdens enklaste og smartaste nålebok

I dag har eg sydd denne nåleboka.
Det var veldig fort gjort og veldig morosamt!
Det som tok mest tid var faktisk å sy i knappane.
Mønsteret er det Lappequri i Mosjøen som har laga.

13 februar 2009

Gutta Boys pakke 2

I dag kom endeleg ny pakke med stoff og pappmalar frå Lappemakeriet. Eg måtte sende ein mail og purre, og då viste det seg at arket mitt hadde havna i feil perm. Men no kan eg vaske stoffa og sy tre nye stjerner til Roseteppet mitt!
Eg likar godt desse stoffa, dei er litt MEG som det heiter, både fargar og mønster....

12 februar 2009

Sokkar i Silja

Dette sokkeparet i str. 29/30 ca. er strikka i Silja frå Gjestal (frå garnlageret mitt). Det gjekk med akkurat 50 gram.

Awards

Eg har fått to Awards i det siste. Denne heiter
"The Marie Antoinette' a Real Person, a Real Award", og den fekk eg av Hobby Dilla....
....Og denne har eg fått av Steinbokkjen. Mange takk til begge to!

09 februar 2009

Sokkar i Fame

Det skjer ikkje så mykje på strikkefronten her for tida, men eg har no fått strikka ferdig dette sokkeparet i Fame frå Marks & Kattens.

07 februar 2009

Frost

I dag tidleg snakka eg med svigerinna mi i Sydney på msn. Der var det kveld og 40 plussgrader. Her er nokre bilder tatt frå hagen, som mine australske lesarar kan kjøle seg ned på.

06 februar 2009

Vinteridyll

Det har vore ei travel veke - litt sjuke har vi også vore - men no er det endeleg helg!
Eg har begynt på det nye stitcheryet, som eg har fått frå stitcheryklubben til Jordbærstedet. Koseleg motiv og nydelege stoff! Eg syr med Lenes silketråd, ein melert blåfarge, som eg fekk tak i hos Ingun på Primula.
Ute er det også blitt vinteridyll no. Eit bilde frå hagen i dag tidleg.

01 februar 2009

Wild Flowers

På tysdag skal vi sy denne blomstrande nåleputa på møtet i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb. Eg sydde ei i fjor vår, berre sjå her. No då eg skulle lage eit mønster på norsk, måtte eg sy ei til.
Veldig tynne stoff gir litt slappe blad ( sjå det gule), men viss ein brukar stoff med litt meir hald i, blir blada betre og kan formast om ein vil det. Det er fint å feste synåler på blada, slik at dei ikkje forsvinn ned i nåleputa. God plass til knappenåler oppå. Det er litt arbeid å teikne opp og klippe ut alle delane, men syinga går raskt og greit. Veldig morosamt! Det går med ein del fyllvatt, sidan nåleputa er ganske stor...