31 januar 2009

Blokk 3

No er blokk nr. 3 i Roseteppet mitt ferdig.

30 januar 2009

Utfordring

Eg har fått ei utfordring frå Trollkåno. Den går ut på finne det sjette bildet i den sjette mappa som ein har lagra på maskina, og så skrive nokre ord om det. Dette bildet er frå den sjette siste mappa mi. Det er tatt frå heimbygda mi for ca. to veker sidan. Bildet viser kor snøfattig januar i år har vore. Det har ikkje regna noko særleg heller, så det har vore litt uvanleg ver.
Eg gir utfordringa vidare til MorGrethe, Juliann, Besta og Halligjenta,
viss de har tid og lyst!

29 januar 2009

Null hull

I dag var eg til tannlegen og hadde som vanleg null hull :^) Det måtte sjølvsagt feirast, og sidan Ingun har butikk rett over vegen, blei det der "premien" kunne hentast (dvs. kjøpast!)
To stoffbitar til stoffsamlinga. Eit stripete som er fint til lukkekant og eit japansk som er fint til det meste.
I går var eg inn til Reidun ein tur, og då kjøpte eg eit nøste av dette nye sokkegarnet som ho har fått inn. 100 gram og 400 meter, så det er kanskje litt tjukkare enn favorittgarnet mitt Opal. Kosta berre 69 kroner (eller var det 68?). Mange fine fargar!

27 januar 2009

Blokk 2

Eg er allereie ferdig med blokk nr. to til roseteppet mitt.
Det blei ein del sying på sofaen i går pga. ein låsning i bekkenet, som gjorde meg lite mobil. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko......
(Men eg er heldigvis mykje betre i dag!)
Spesiell stoffsamansetning, men eg trur det skal bli stilig og tøft til slutt!

26 januar 2009

Sommarleg pakke

Det kom litt sommar til meg i posten i dag, heilt frå Australia! Herleg pakke frå "Pin Cushion of the Month" denne gongen! Gler meg til å sy desse.....

Blokk 1 ferdig


I helga sydde eg den første åttebladroseblokka til teppet mitt. Fargetemaet mitt heiter altså "Gutta Boys", så det blir ein litt annan og tøffare stil enn Lappetausa sitt.
Stoffa er plukka ut av Lappemakeriet, og det er spanande, for det betyr måtar å sette saman stoff på, som eg sjølv aldri hadde funne på.
Dette er den første blokka eg har sydd nokon gong, så eg er ganske fornøgd!

Søndagstur

I går gjekk eg ein fin tur oppover fjellsida i fineveret. Sola er begynt å vise seg igjen i bygda, men på denne sida kjem ho ikkje før i byrjinga av mars.....




Utsikt frå ca. 250 moh.

23 januar 2009

Åttebladrose

Dette månadsteppet har eg sett på ei stund, og sist helg sende eg ein mail til Lappemakeriet.
I dag kom første pakken med ni stoffbitar, silketråd, nåler,
pappmalar og mønster. Teppet skal syast for hand.
Stoffa er vaska og eg gler meg til å ta fatt på mitt første store teppe.
Eg valde fargekombinasjonen"Gutta Boys", som skulle passe bra her i huset. Eg skal difor sy lyse stjerner på mørk bakgrunn, i motsetnad til fargekombinasjonen som er vist på mønsterbildet.
Eg har til og med planlagt kva for ein vegg teppet skal henge på, nemleg her i vinterhagen.

20 januar 2009

Ny president og nytt strikketøy

Eg var innom ein garnbutikk i dag og det var visst ikkje så lurt, for jammen blei eg freista til å kjøpe både mønster og garn......
Det verste er at eg er litt usikker på heile prosjektet. Eg syntest denne nye gråblå Sisufargen var så kjempefin, og måtte berre ha den! Men etter å ha strikka litt, synest eg det ser litt trist ut. Planen er å ha ein kontrastfarge på stolpane, kanskje sjøgrønn... Kva trur de? Skal eg bytte garnet i noko sprekare, til dømes den som er avbilda i mønsterheftet?
I høve innsettinga av den nye presidenten i dag, fann eg fram eit bilde frå sist sommar. Dei to yngste gutane mine og eg sit framfor "The White House". Vi ser litt rare ut, men det er vel fordi vi myser mot sola, og eigentleg er litt slitne pga. varmen. Vi hadde tatt toget frå New York, og budde på eit hotell i gåavstand frå presidenten sin bustad. Dagen etter såg vi heile byen frå taket på ein turistbuss. Veldig interessant, men varmt!

18 januar 2009

Tova vottar

No har eg fått tova desse vottane som eg har strikka til minstemann. Eg har brukt restar av både Finull, Pt2 og Lammeull.
Slike vottar er vel mest eigna å bruke når det er snø og kaldt, men vi måtte prøve dei på skogsturen i dag. Etterpå var dei fulle av nåler og rusk, men eigaren er fornøgd!
I granskogen er det grønt og fint.
Vi har veldig lite snø her på Vestlandet for tida.
I have knitted a pair of felted mittens for my youngest boy.
They are very warm and nice to wear.
We went for a walk in the forest today. There is no snow for the time beeing, actually we found a very green spot to sit down for a coffee and some cookies.

17 januar 2009

Kreativ Blogger

Eg har fått denne awarden av eling.

Regler for denne awarden er:
1. Vinneren kan kopiere denne logogen til hans/hennes side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til disse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen beskjed på bloggene til de nominerte.

Dei som eg vil gje awarden vidare til er:
Ronille, MagFly, Timotei, Haldis, Olava's verden, Solveig og Strikkepia.

Wham bam thank you lamb nr. 2

Eg har strikka ein hals til av denne typen.
Garn: Eskimo, 100 gram
Pinnar: nr. 6
Tid: ca. 1 time

16 januar 2009

Lue i Hubro

Garnet til denne lua kjøpte eg for lenge sidan, så no var det på tide å strikke den. Det var raskt gjort på tjukke pinnar (8-9). La opp 44 masker og strikka rundt 1r, 1vr i 5 cm. Auka 12 m. og strikka til lua var 27 cm. Klipte av tråden og trakk den gjennom alle maskene. Hekla ein picotkant rundt til slutt. Mønsteret står i Dale-tilbehør-nr. 179. Lua har ein "baggy"fasong, og blei ganske tett og god.

13 januar 2009

Krage igjen....

Eg har strikka nok ein grå halsvarmar, også denne gongen hermar eg etter Bente B.
Enklare og raskare kan det ikkje bli. La opp 25 masker og strikka til garnet, to nøster Eskimo frå garnlageret mitt(!!), var oppbrukt. Det tok ca. ein time medan eg såg på Berlinerpoplane i går. Det som gjer denne halsen så artig, er måten den er sydd saman på! Eg gjorde som Bente og sydde på ein knapp til pynt.

Eskimo er eit herleg garn, som også er kjempefint til toving.
Denne kragen er skikkeleg god og varm!

This is my second neck-warmer this year.
Making it was very easy, and didn`t take any time at all!

09 januar 2009

Årets første......

Årets første ferdige prosjekt er sjølvsagt Thermis! Den er rask og enkel å strikke. Mønster kjøpte eg her. Eg strikka min i dobbel babyull frå garnlageret - pinnar nr. 4.

My first finish this year is a popular neck-warmer called Thermis.

Ute ser det sånn ut i dag. All snøen som kom for nokre dagar sidan, har no nesten regna vekk....

This is how it looks like outside today...All the nice snow that came some days ago, is almost gone!

04 januar 2009

Fjorårets tunika

Eg skreiv i går at eg berre hadde strikka småting og tilbehør i fjor.
Det stemmer med unnatak av denne tunikaen i str. 8 år, som eg var ferdig med rett før jul. Denne tunikaen var ein liten slager i fjor, og det er første gongen eg har strikka i Lerke, som er ei herleg blanding av "sommarull" og "vinterbomull", som det står i heftet......
Eg fekk for lite garn, og det gjorde at eg blei litt forsinka og ikkje fekk overlevert gåva før i dag. Den er strikka til tantebarnet mitt. Bildet er tatt rett etter ei akeøkt med ullstilongs og tjukkelabbar under :-)

Mønster på kort og lang tights også i heftet.

03 januar 2009

Hekla kakebrikke og ei lita oppsummering.....

Denne brikka hekla eg i haust, og etter det har den blitt liggande i ei skuff
utan å ha blitt "blogga".
I dag tok eg den fram, festa dei fire trådane og strauk den. Brikka er i slekt med denne.
Eg manglar eit høveleg kakefat å legge brikka på, så førebels blir den vel mest brukt som ei vanleg brikke på kjøkkenbenken.....
**********
2008
var det året eg utvikla hekleferdigheitene mine. Lappetausa lærte meg "finare" hekling i juni, og eg blei meir og meir gira utover sommaren. Det var veldig bra å kunne hekle dei tre månedane eg ikkje klarte å strikke. Ei stund lurte eg på om eg måtte til å endre bloggnamnet mitt til Heklemor(o).......
*****
Noko anna som eg ser når eg går inn på "Ferdig 2008" her på bloggen min, er at eg berre laga småting og tilbehør i 2008. Det kjem nok av at eg blir fort lei av store prosjekt - likar best å bli fort ferdig med ting, slik at eg kan begynne på noko nytt. Eg har kanskje endeleg tatt lærdom av alle dei uferdig prosjekta (UFOane) som eg har liggande. Det har nok også litt med all den inspirasjonen som eg får av å lese andre sine bloggar. Det dukkar stadig opp noko spanande som eg vil prøve, og då er det best å satse på små prosjekt!

Ferdig 2008:
* 15 sokkepar
* 6 sjal
* 5 huer
* 7 pyntesjal/skjerf
* 4 par vottar
* 1 par hanskar
* 1 skjerf
* 1 hals
* 2 par grytklutar
* 3 klutar
* 1 tunika i str. 8 år
* 8 hekla brikker
* 1 sydd veske
* 6 sydde posar
* 5 sydde nåleputer
* 1 sydd adventskalendar
+ nokre småting
+ ein del uferdig ting, som forhåpentlegvis blir ferdig i 2009!!

01 januar 2009

Godt nytt år!! / Happy New Year!!


Eg vil ønske alle som les bloggen min eit riktig godt nytt år!!
Vi hadde ei kjekk nyttårsfeiring i går. Først middag hos svigerforeldrene mine, og deretter kaffi og kaker hos broren min og familien hans.
Vi kom ikkje heim før langt på natt, så minstemann fekk overnatte hos kusina si, noko som var stor stas!