30 november 2008

Klar for 1. desember

I dag har eg lagt siste hand på "verket" når det gjeld adventskalendaren. Eg er glad for at eg starta så tidleg som eg gjorde (sept.?), for eg er ikkje av dei raskaste ved symaskina.... Men ferdig blei eg og ganske fornøgd med resultatet. Den er langt frå perfekt, men eg har lært mykje undervegs. Å sy etter eit AnnAKa-mønster er veldig lærerikt og kjekt. Reine kurstet.
Det er ikkje tilfeldig at eg har tatt bilde berre av den øvste delen av kalendaren etter at pakkane kom opp. Eg er nemleg ikkje komen lenger enn til 9. desember med å henge opp pakkar. Slik har det vore dei siste åra. Det var berre då eg var ung mor i 20-åra, at eg hadde alle pakkane klare til 1. desember.......
Eg hadde store problem med stoppefoten og frihandsquiltinga no på slutten, for det er det mange år sidan eg har prøvd. Men eg fekk det no til på eit vis til slutt....

Kjøpte knappar og nokre av originalstoffa hos Ingun.

Advent

Det er ikkje så mykje eg har fått gjort på handarbeidsfronten denne veka,
men ei lita lilla brikke har eg hekla til advent. Brikka er berre 20 cm i diameter, og er i ein nydeleg lillafarge, som ikkje kjem fram her.
Elles jobbar eg med AnnAKa-adventskalendaren min, og den blir ferdig i løpet av kvelden - heldigvis!!

23 november 2008

Frå foto til maleri....

I dag kom faren min innom med nokre oljemaleri som han har malt. Han har hatt maling som hobby i mange år, men det siste året har det vore vanskeleg for han å male på grunn av ein skade i skuldera. Han har trent mykje for å bli betre, og no har han begynt å male litt igjen. Her er eit av bildene han kom med i dag. Det er malt etter dette fotografiet som eg tok i haust.
Vi har veggane fulle av bilder som han har malt. Her er to av favorittane mine!

Vinter, snø og kulde....

Det blei tidleg vinter i år. I dag var det flott ute, men veldig kaldt.....
Victor kom på besøk og leika i snøen.
Sparken blei henta fram - det var supert sparkeføre!

22 november 2008

Adventskalendaren nesten ferdig!

I dag hadde eg besøk av
Lappetausa,
noko som alltid er kjekt og kreativt!
Eg fekk gjort ferdig lukkekanten på adventskalendaren min, så no er det ikkje så mykje som manglar på at den er ferdig.
Eg må sy rundt nokre hjarter, merke dei med dato, sy på ringar, sy ansikt på nissane, og nokre andre småting..
"Strikkefar" har funne fram lykta, sjølv om den er litt julete.....

21 november 2008

Nytt salongbord og den første snøen....

Dette salongbordet i lakka furu kjøpte vi då vi flytta inn i huset vårt i 1987. Vi har hatt det i tv-stova i alle desse (21!!!) åra. Det gjekk ikkje så lang tid før det blei ganske så oppstripa og fullt av hakk. Men sånn er det når ein har små barn i huset, og med fire gutar har det blitt ein del bilkøyring og annan aktivitet som set spor....
I dag var eg innom ei møbelforretning som har hatt konkurssal i litt over ei veke. Det var 60% avslag på det som var igjen, så då kjøpte eg dette bordet for litt over 800 kroner! Det gamle blei førebels flytta til "Ungdomsstova" (Dei ville faktisk ha det....).
Den første snøen er komen.....

20 november 2008

Kul pakke frå Australia

I dag fekk eg tredje nåleputepakken frå Quilt Fabric Delights.
Må innrømme at eg ikkje har fått sydd pakke nr. to enno,
og at det er fare for at denne også blir liggande til over jul......
Men eg likte den veldig godt, og det var artig å få med originalstoffa frå Melly & me.
Som vanleg var der med ei søt nål i eigen liten boks. Denne gongen er nåla pynta med eit lite hus, som ser akkurat ut som husa på eit av stoffa.

Mønsteret er denne gongen designa av Melly & me.

16 november 2008

Ruffle Cravat i lange baner.....

Denne helga har eg hekla fire "Ruffle Cravat" frå boka "One Skein" av Leigh Radford.
Desse er veldig raske og morosame å hekle!
I dag var eg så heldig å ha ei jente i huset som kunne vere modell for meg!
Desse skjerfa er mest for pynt, men har ein mange nok, er det klart at dei varmar godt mot ver og vind og!
Har brukt eit nøste til kvart skjerf i ulike bomullskvalitetar. Det raude er i bambus.
Heklekrok 4,5.

15 november 2008

Hyggeleg overnattingsbesøk

Denne helga har vi ei lita frøken på overnatting.
Ho er flink til å kose med kattungen vår, Ronja! Ronja fekk det namnet, fordi ho er så mørk og bustete i pelsen. Ho er dessutan litt rampete og "guttete", så det passa å kalle henne opp etter Ronja Røverdatter.....
Systra mi, LilleMø, kom med desse bøkene til meg i dag. Eg las første boka i denne serien for nokre veker sidan, og gler meg til å lese fortsettelsen!

11 november 2008

Vottar i Karisma

Eit lite livsteikn ein tysdagskveld.
Eg har begynt på desse vottane i Karisma.
Mønster her.

07 november 2008

Sjal i Fabel

Denne veka har eg strikka eit Baktussjal i Fabel.
Fekk ideen på bloggen til Ronille. Eg brukte 100 gram og strikka rettstrikk heile vegen. La opp tre masker og auka ei maske i eine sida kvar 4. omgang til eg hadde brukt opp eine nøstet. Så felte eg ei maske på same måten til eg hadde tre masker igjen. Liknar litt på dette sjalet som eg strikka tidlegare i år, berre at då auka eg kvar 2. pinne og strikka glattstrikk.

02 november 2008

Søndagstur og gjenbruk

I dag var det heldigvis mildare ver, og eg tok sjansen på ein liten fjelltur 400 meter "rett opp" fjellsida her.
Litt snø og is i stien øvst oppe, men det gjekk greitt. På setra var vatnet frose til is.
Det gjekk kjempefint med kneet som eg har vore plaga med i mange månedar no.
Kaffi, sjokolade og fyr på ovnen i selet.
Apropo gjenbruk:
Desse to teppene som ligg på benkane inne i selet, hekla svigermora mi på 80 år for nokre år sidan.
Oldemorsruter/ bestemorsruter er ein kjempefin måte å bruke opp små og store garnrestar. Trur svigermor har brukt både garnrestar og opprekt garn her.
Stolen under er forresten frå 1880, og like god!

Restesokkar

Inspirert av boka "Brukt på nytt", har eg strikka eit sokkepar av Opalrestar til minstemann.
Dei er lange i leggen slik at dei kan trekkast over buksa. Ein liten vrangbordkant nederst, gjer at dei sit godt på foten.
Enklare kan det ikkje bli :-)