31 august 2008

Siste sommardag

Etter ei altfor stillesittande veke, var det kjempeherleg å kome seg på fjellet i dag
- siste dagen i august!
Vi gjekk ein liten ekstratur frå Ossetra til Svartevatnet.
Alle fjellvatn har vel svart botn, men dette fjellvatnet ser ekstra mørkt ut på grunn av at det ligg nede i eit "høl".
Det er ganske trollsk stemning her.....

Eg hadde med meg det nye halstørkleet/sjalet som eg har begynt på. Dette heklar eg i Faerytale frå Du Store Alpakka.
Det er første gongen eg prøver dette garnet, og eg er ganske begeistra :)
Eg synest lilla og grønt er flotte fargar i lag, i alle fall ute i naturen. Men så er vel dei eit komplementærfargepar (kontrastfargepar) også.....

30 august 2008

Anna's Juletrematte

Dette bildet har eg lånt frå bloggen til Lappetausa. I nokre veker no har vi snakka om at vi skal sy denne matta til å ha under juletreet, og no har ho jammen heve seg rundt og fått sydd eit stripesett allereie. Dessutan inviterer ho dei som vil til å bli med på ein syalong. Dette skal bli artig! Eg har funne fram mønsteret mitt som eg kjøpte i vinter, slik at eg kan studere det i kveld........

29 august 2008

Besøk av mor og mormor

To blide damer på biltur. Bestemora mi bur på ein heim for eldre, og då er det fint å kome seg ut på tur av og til. I dag stakk dei innom meg ein snartur, noko som var kjekt. Eg fann ut at halstørkleet frå innlegget under passa perfekt til mora mi sine briller, så no blir eg nødd til å hekle eit til....

Halstørkle i alpakka

Eg kom over dette fine mønsteret på bloggen til Liv Toril. Eit supert mønster for dei som likar små, enkle og raske prosjekt! Eg har hatt dette som "etter-jobb-meditasjons-prosjekt" denne veka. Brukte Sandnes alpakka i ein nydeleg lillafarge (2x50 gram).

Ønsker alle ei fin helg!

26 august 2008

Årets første plommer og nytt quilteblad

Her er årets første plommer. Eg skriv med vilje årets og ikkje haustens, sjølv om det var den første "tittelen" som slo meg (sukk...).
Eg skulle berre innom Narvesen ein tur i dag, og då såg eg dette engelske qultebladet som eg ikkje har sett før. Det måtte eg berre ha, for det var kjempefint i landleg stil!
Baksida viser litt av innhaldet. Huset er faktisk eit trekk til symaskina!!

Herleg seng å slenge seg i!
Reknar med at Lappetausa og Tiril-sol legg merke til sengelektyren (som er den samme som min).

23 august 2008

Fargerike gryteklutar

Gryteklutane er hekla etter dette mønsteret frå Drops design. Eg laga mine litt større og brukte bomullsgarn frå lageret mitt. Det gjekk veldig fort med dobbelt garn og krok nr. 4. Når ein ikkje legg ned så mykje arbeid i gryteklutane, er det lettare å ta dei i bruk og....

22 august 2008

Idyll i kattekorga

Hermine passar godt på dei to kattungane sine. Dei er så nydelege, den eine er stripete og den andre svart. Dette må bli det siste kullet hennar, så eg har lyst til å behalde ein av ungane - men kven av dei??

21 august 2008

Ny heklebok i posten

Då eg var i USA såg eg denne boka i ein garnbutikk og vurderte å kjøpe den. Det blei det ikkje noko av, og det angra eg sjølvsagt på då eg kom heim, særleg då det viste seg at eg må halde meg til hekling ei stund framover. Men løysinga blei Amazon.co.uk der eg er god kunde! Billig og bra. Tok berre tre dagar frå eg bestilte boka til ho låg i postkassa!
Dette er den tredje boka eg har i denne serien. Dei to andre er strikkebøker. Eg diggar verkeleg illustrasjonane i bøkene!

Flo og fjære

Vi bur ved ei elv, noko som er både kjekt og travelt når ein har små barn. Det er mykje å finne på både når det er flo og når det er fjære, men samstundes må ein passe ekstra godt på dei små som ikkje kan å svømme.
På grunn av flo og fjære endrar utsikta seg mykje i løpet av dagen. Det er 1,5 meter skilnad på full flo og fjære. Eg synest det er finast når det er flo, men for ein gongs skuld har eg tatt bilder når det er fjære, og det er ikkje så verst det heller....

20 august 2008

Litt handel i dag......

I dag var eg innom Ingun på Primula og såg på alle dei nye stoffa som ho har fått inn i det siste. Mykje fint! Eg kjøpte dessutan eit Tilda stitchery med ferdig påtrykt motiv og ein pakke Tilda broderigarn. Ganske billig. Betalte 49 kr for broderigarnet og 42 kr for bildet.

16 august 2008

Utsikt frå verandaen min laurdag morgon



Denne morgonen hadde vi "besøk" av ein kobbeunge. Den låg på ein stein lenge og kika rundt seg, men til slutt blei det for stor flo og vekk var han.

14 august 2008

Pynteskjerf i T`ika

Det tar nesten ikkje noko tid å hekle dette skjerfet, og eg må innrømme at eg har fått litt dilla......
Denne gongen har eg hekla i eit herleg bomullsgarn frå Andesfjella i Peru. Det var nok med 50 gram, sjølv om 50 g berre var 83 meter. Litt av inntektene for sal av dette garnet går til hjelpeprosjekt for barn i Peru. Les meir om dette her. Eg kjøpte garnet hos Reidun på Eid Miljø.

13 august 2008

Ny datamaskin

Etter ein del datatrøbbel og frustasjonar fekk eg meg ny datamaskin i dag. Eg har dessutan flytta maskina ut i gangen, og her eg sit har eg full kontroll med det som skjer i huset :)
Skjerm og tastatur er "gammalt", så det er berre den svarte maskina til høgre i bildet som er ny.

Brødbrikke

Eg kom over dette mønsteret i forrige veke då eg rydda i gamle blad (Familien 22/2007). Sidan eg fortsatt ikkje klarar å strikke pga. senebetennelse i venstre arm, held eg meg til hekling. Og dette var eit koseleg lite prosjekt!
Brikka passar godt til dette fatet som eg arva etter farmora mi.

11 august 2008

20-års dag og nytt kull kattungar.....

Før helga fylte eldstesonen i huset 20 år.
Dagen blei feira med foreldre, søsken, besteforeldre, tantar, onklar og søskenbarn. I alt 21 personar til kaffi!
Har ingen bilder av 20-åringen å vise fram her, "berre" fire av gjestane....
Over Kristine og Henning med kvar sin kattunge. Under systra og svigerinna mi, som begge fann sin favoritt blant skjerfa som eg har hekla i sommar. Lillemø begynte å hekle sitt eige midt i selskapet, og "Gunda" for med det andre til Kreta!

05 august 2008

Ruffle Cravat i bomull

Dette skjerfet var så enkelt, raskt og moro å hekle, at eg starta på eit nytt med ein gong det forrige var ferdig. Denne gongen valde eg eit tjukt bomullsgarn som eg kjøpte på sal for mange år sidan. Eg trur eg betalte 5 kr for 50 gram. Eg brukte vel akkurat 50 gram til dette, så det er billig pynt eg har rundt halsen....
Garnet heilter Cairo og er frå Idena. Dette skjerfet er kortare enn det lilla i ull.

03 august 2008

Ruffle Cravat

Pynteskjerf nr. 2 er ferdig.
Dette hekla eg på nokre få timar i dag. Eg brukte heklekrok nr. 5 og eit garnnøste som eg har hatt liggande ei stund. Eg har fått god trening i å ta bilde av meg sjølv no + å kappe hovudet....
Mønsteret fann eg i denne boka som eg kjøpte i USA.

Søndagsstemning i sjø og elv...

Det flotte sommarveret som vi hadde tildlegare i veka er det slutt på, men fleire kosa seg i vatnet likevel denne første søndagen i august.
Andemor med 13 barn!
Victor, som eg er "tante" til.

Noe Noa - ferdig montert!

Så har eg montert ferdig Noe Noa, som eg fann mønster på her på bloggen til Bente B. Mitt er hekla i pure Milk fiber frå Viking. Utruleg mjukt og behageleg å ha rundt halsen!! Eg brukte litt mindre enn 50 gram + litt mandarin petit til blomstrane.