30 september 2007

Haust på fjellet / It`s Fall

Det blei tur til Ossetra også denne søndagen. I motsetnad til sist søndag, var det i dag fantastisk flott haustver her! Vi har hatt fire dagar utan regn, så stien var fin og relativ tørr.
Eg måtte berre ta nokre bilder av dei vakre haustfargane.

We went to the mountains (our cabin at Ossetra) this Sunday as well! Beautiful weather and autumn colours!

27 september 2007

Gamle klassikarar


Eg har blitt inspirert av fleire bloggarar når det gjeld film og litteratur siste veka. Ein bloggar anbefalte triologien "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og Ingen vei går utenom" av Trygve Gulbranssen. Eg hadde eigentleg tenkt å lese bøkene, men sidan biblioteket hadde lydbøkene, enda eg opp med det. Då kan eg slå to fluger i ein smekk (dvs. strikke samtidig). BBC filmatiseringa av Charles Dickens roman "Bleak House" frå 2006, har eg og sett anbefalt på ein blogg. Før var eg ein flittig brukar av biblioteket, men no nyttar eg meg altfor lite av dette tilbodet. Det er bra å få slik inspirasjon på nettet og!

You Make Me Smile Award

Denne "taggen" fekk eg av Lappetausa. Thanks!
De kan lese på bloggen hennar kva den går ut på.

Eg håper at mi niese vil ta denne utfordringa! Ho er ei tøff jente og eg trur ho har litt å skrive om når ho kjem til bokstaven R.

26 september 2007

Blogg"tagging"


Dei siste dagane har eg blitt tagga av Strikkemor, Hege, Timotei, Juliann, Marie og Lappetausa. Takk for at de tenkte på meg! Eg har forstått det slik at når ein blir tagga, skal ein fortelje litt om seg sjølv - noko tilfeldig og noko litt rart/ spesielt.

1. Eg er hekta på garn og strikking.
2. Eg kan (nesten) ikkje gå forbi ein garnbutikk utan å kjøpe garn.
3. Eg er bloggveninne med fleire av tantene mine
4. Då eg var ung ønskte eg meg ei jente - eg fekk fire gutar og synest det er topp!
5. Det er seksten år skilnad på eldste- og ynstemann.
6. Eg kan ikkje tygge tyggis utan å smatte.
7. Eg begynner stadig på nye prosjekt, sjølv om eg har MANGE uferdige liggande.
Til slutt skal eg utfordre sju andre bloggarar.
3. Besta
5. Tussi
6. Tone M
Reglane:
1. Link tilbake til den som har tagga deg og skriv reglane.
2. Fortel sju ting om deg sjølv, noko tilfeldig og noko rart/morosamt.
3. Tagg sju andre og skriv ein link til dei.
4. La dei få vite at dei er tagga ved at du skriv ein kommentar i bloggen deira.
illustrasjon: Mosjøen sommaren 07.

24 september 2007

Ikkje det at han treng ein ny genser, men....

...denne var berre så fin, synest eg! Eg strikkar han i Falk, jeansblå og lysegrå str. 6 år, til Henning sjølvsagt. Det er første gang eg strikkar raglan på denne måten, dvs. at ermane skal syast i etterpå. Tøff guttegenser, kva?

23 september 2007

Søndagstur trass dårleg ver...

Her på Vestlandet har veret vore dårleg stort sett heile august og september. Men ein kan jo ikkje berre bli sittande inne for det. Dette er andre søndagen på rad at eg har trassa ver og vind, kledd meg godt og gått på setra. Det er eit tiltak, men utruleg herleg når ein fyrst kjem seg ut! Eg likar godt fjellet om hausten. Fantastiske fargar skapar flott stemning. Vi er heldige som har eit gamalt sel (hytte),kor vi kan søkje tilflukt når det regnar.




Litt dogg på linsa, men pytt...

16 september 2007

...Og to par strømper til bitte lille bror..

Desse strømpene har vore nesten ferdige ei stund. Til venstre "Jeep-sokkar" til 3-åringen. Eg brukte eit nøste Sisu og fekk akkurat litt for lite garn. Viss ein ser godt etter, ser ein at eine tåa er i ein annan (men liknande) farge... Til høgre eit par til same karen strikka av ein rest Online.

14 september 2007

Opal til halv pris!

Denne helga er det Eidamesse og mange gode tilbod i butikkane, trur eg. Eg har ikkje sett så mykje enno, men skal ha meg ei runde i morgon. Men eg rakk ein tur inn om "En Rød Tråd" der det var halv pris på alt Opalgarnet! Eit slikt tilbod må ein jo berre slå til på, uansett kor mykje garn ein har liggande, eller kva? "slange" til venstre og "tukan" til høgre.

13 september 2007

Oppdatering på Spidermanteppet og litt til .....

Det går framover med Spidermanteppet mitt. Teppet er ca. 85 cm no. Eit kjekt prosjekt, som nok skal bli ferdig i løpet av hausten!
Eg har dessutan starta på ikkje mindre enn tre ting siste veka.......flau........Heldigvis relativt små prosjekt.

11 september 2007

Blankets and throws to knit

Det er alltid kjekt å få pakke frå Royal Mail! I dag kom denne flotte strikkeboka i posten. Eg er ikkje medlem av nokon bokklubb, og kjøper sjeldan skjønnlitterære bøker, men ei hobbybok i ny og ne, det unner eg meg!! Denne boka har eg kjøpt hos Handknit.
Tema i boka er sofa/sengetepper. Her kan ein blant anna velje om ein vil strikke blomar, stjerner eller hjarter. Dette er berre fire av dei flotte teppene i boka... :)Happy(:



09 september 2007

Søndagstur i Stigedalen

I dag hadde vi ein fin spasertur frå Stigedalshytta til Sagesetra. Ein mann vi møtte på vegen sa han hadde fått sjokk då han vakna i dag og det ikkje regna! Det fortel litt om det håplause veret vi har hatt her den siste tida (sidan midten av juli faktisk)! Men regnet kom sjølvsagt i dag og....
Vakker natur uansett ver og årstid! Fleire bilder her.

08 september 2007

Nøstebarn sine mønster i bokform!

Eg kjøpte meg ei ny strikkebok i dag, måtte berre ha denne!......Mange fine mønster både til baby, barn og vaksne (damer). Garn kan ein kjøpe hos Nøstebarn. Eg har prøvd både to - og tretråds merinoull, og likar begge godt! Då min son nr. 3 var baby for 10-12 år sidan, strikka eg til og med ullbukser og brukte tøybleier, men då var eg nok inne i ei spesielt miljøvennleg fase.....
Her kjem nokre smakebitar frå denne flotte boka!


05 september 2007

Spiderman-teppe

Eg har allereie begynt på nytt hekleprosjekt! Dette Spiderman-teppet er ein AlongHobbyboden for tida. Eg har ikkje meldt meg på, men fann mønsteret der. Dette er fyrste gongen eg heklar etter eit engelsk (amerikansk) mønster, men det går greit! Trur i alle fall det er nokolunde rett.. Dette er berre begynnelsen. Teppet skal bli mykje større, og det er nok Henning som blir den lykkelege eigar...Han er veldig opptatt av Spiderman, sjølv om han ikkje har sett filmane... Mønsteret ligg her. Eg heklar i Smart og brukar krok nr. 4.

02 september 2007

Min første tova løpar

Eg har hekla ferdig løparen min og er godt fornøgd med resultatet! Mønsteret fann eg i eit nytt interiørhefte frå Gjestal. Garnet som er brukt heiter Gjestal Ullteppegarn. Det er mykje fint i heftet, så eg kjem sikkert til å lage fleire av modellane.
Her er løparen før vask, og før eg festa trådane og hekla kant rundt. Ca. 100 cm lang.
Eg vaska han to gongar i maskina på 30 grader,finvask. Andre gongen kort program. Då var han passeleg tova.
Det er alltid spanande å tove i maskin....
Eit kjekt og raskt prosjekt!