28 august 2007

Strikkemor(o)`s lille røde....

Sjå kva som kom i posten i dag, eit resultat av helgas impulshandel på nettet! Vel, eg har ønska meg ei slik mappe lenge. Denne er ein god del mindre enn den eg sydde sjølv. Felisi si mappe har eit eige rom til garnnøstet, med eit hol i veggen kor tråden kjem ut! Fin, smart og billig heimelaga strikkemappe! Eg måtte feire kjøpet med å begynne på eit nytt strømpepar......
Det neste eg skal bestille på nettet no er ny impulskontroll. : )

24 august 2007

Sabeltann

Minstemann fekk seg Sabeltannhatt i dag, og hatten var ikkje av hovudet før guten kom i seng!Elles er det veldig populært med Cars for tida! Samlinga veks, men dessverre er Lynet McQueen borte vekk. Kanskje dukkar han opp etter laurdagsvasken i morgon? Eg ser etterkvart eit stort behov for ein pose eller veske til desse bilane, så kanskje det blir det neste syprosjektet....

Hekla ullduk

Elles heklar eg på ein ullduk for tida. Enkelt, men eg må konsentrere meg for at det skal bli rett. Det går litt i bølger her og..he he.... Når duken er ferdig (ca. 100 cm), skal han tovast! Mønster: Gjestal. Garn: Ullteppegarn. Krok: nr. 5

Skulestart og fredagskos

Det har vore ei travel veke med skulestart og diverse, men no er det endeleg helg!
Det er ikke så ofte eg kjøper stoff lenger (har innsett at tida ikkje strekk til...), men denne veka blei eg altså frista til å kjøpe denne stoffpakken frå ein norsk nettbutikk. Den kom i posten i dag, og er berre snadder! Eg har litt sansen for Amy Butler sine storblomstra stoff!

15 august 2007

Rocin' Girl Blogger

Eg er blitt nominert til Rockin' Girl Blogger av Tirilsol! Takk for det, veldig koseleg! Og no skal visst eg nominere fem andre bloggarar. Mine fem blir då:
Bente B som har ein fantastisk inspirerande blogg for dei som likar strikking. Ho er så flink til å finne mønster, som i utgangspunktet ser ganske ordinære ut, og gjere produktet om til noko heilt spesielt ved hjelp av garnval, fargeval, kvaliteten på arbeidet og måten ho fotograferar på. Ein slags trendsettar! Ho har fått meg til å bestille både mønster, bøker og garn frå utlandet.
Timotei som har ein kjempekoseleg blogg og syr stilfulle og flotte ting! Inspirerande! Eg har skaffa meg mønsteret på nåleputa hennar og kjem til å sy den snart, håpar eg!
Tone M har ein koseleg og humorisktis blogg. Det er alltid kjekt å lese innlegga hennar som heldigvis kjem ganske tett! Ho strikkar mykje fint og spanande!
Marias Hobbysida var ein av dei fyrste bloggane eg byrja å lese for halvanna år sidan. Ho er svensk og driv nettbutikken Garnkorgen. Det er høg kvalitet over arbeidet hennar. Strikkar veldig mykje fint!
Til slutt vil eg nominere ein medbygding, nemleg Haldis Quilteblogg. Ho både heklar og syr (strikkar kanskje litt og?). Bølgeteppet hennar blir kjempefint! Ho har full kontroll på symaskina si! Eg synest det er flott at så mange "vaksne damer" er blitt hekta på data og blogging! Sjølv har eg lært mykje og håper på å lære meir!

Paradoxical Mittens

Her er den spede begynnelsen på mine Paradoxical Mittens, designa av Lucy Neatby. Eg er usikker på om eg kjem til å klare å gjere desse ferdige, eller om det blir ein ny UFO. Eg er komen litt lenger enn vist på bildet, men må innrømme at eg ikkje har strikka på dei på ei stund. Kjekt arbeid, men full konsentrasjon.....Strikkar i Finull frå Rauma. Mørk brun og gul. Det var BenteB som var fyrst ute med desse, men mange har hengt seg på. Sjå også ToneM og Elisabeth sine bloggar.
Mønster kan kjøpast her.

Online-sokkar

Desse sokkane blei akkurat ferdige, og dei er overrekt til min eldste son på 19 år! Han hadde forressten sin første dag som student i dag. Han skal ta årsstudium i kroppsøving ved Lærarhøgsskulen i Volda. Minstemann skal til samanlikning begynne i ny barnehage i morgon Han er 3 år.... Det blir nok sokkar på han og, for det er ganske mykje garn igjen av 150 grams-nøstet med 6-tråda Online som eg har brukt her!

14 august 2007

Strikkeveske

Eg har lenge tenkt at eg skulle sy meg ei strikkeveske (eller ti...). Eg synest dei som Felisi syr for sal ser så flotte ut! Har lurt på å bestille ei av henne, og det kan det vere eg kjem til å gjere, men eg hadde litt lyst til å prøve å sy ei sjølv og. Eg har jo så mykje stoff liggande..... Og her er resultatet! Litt hastverkarbeid, men elles blei eg ganske fornøgd! Veska er ganske stor. Det vil seie at eg brukte ein glidelås på 50 cm. Eg får akkurat plass til eit mønsterhefte i lengda. Så no manglar eg berre 10-20 vesker til dei andre prosjekta mine.....
Eg brukte ikkje mønster, men såg litt på mønsteret til denne veska, og.....
....på desse syboksane.
Inspirasjonkjelder: "Nye patchwork projekter" av Lise Szymanski og "Lapper stort og smått" av Lise Bergene. Pluss Felisi, sjølvsagt!

09 august 2007

Bølgeteppet

Bølgeteppet mitt har vore ferdig ei stund no, men det tok si tid å feste alle trådane! Eg tenkte eigentleg at eg skulle hekle ein kant rundt, men det har eg slått i frå meg inntil vidare! Teppet er supert å bruke som sengeteppe. Det er akkurat passe stort (ca. 220 cm langt) og passeleg tungt til at det ligg stødig! Det er sonen min på snart 12, som har fått æren av å ha det på senga si. I byrjinga skjøna han ikkje heilt poenget. Han har ikkje hatt sengeteppe før, men no går det betre! I dag blei eg litt rørt då eg kika inn på rommet hans og såg at han hadde lagt teppet på plass sjølv.....

08 august 2007

Strømper til jubilanten!

No har eg endeleg klart å fullføre desse strømpene som eg skal gi i bursdagsgåve til onkel Jostein! Han vart 50 år i sommar, men dagen blei ikkje feira pga. dødsfall i familien. Det tar si tid å strikke herrestrømper i tynt Regia-garn på pinnar 2,5 mm. Men alle som har prøvd slike strømper veit kor bra dei er, og at det er verdt strevet!


04 august 2007

To grøne prosjekt!

Inn i mellom alle småprosjekta mine, har eg starta på to større arbeid. Det som er litt moro er at begge er grøne (mosegrønne til og med...). Eg trur eg er komen i hauststemning etter det dårlege vere denne veka! Hos Ingun på Primula Design kjøpte eg tre stoffbitar som eg skal ha som utgangspunkt til AnnaKa sin duk, tante Mia. Mønsteret har eg hatt i neste eit år.....
Denne gensaren har eg gått og sikla etter i eit par veker! Var på to garnbutikkar i Volda/Ørsta som ikkje hadde den rette grønfargen, men fekk til slutt tak i fargen på Mega på Eid. Det er Jubileumsgensaren til Norges Skiforbund (100 år i 2008!!), og eg synest han er kjempefin og enkel. Har til og med raglanfelling! Eg strikkar til sonen min på 12 år. Eg måtte overtale han til å la meg strikke ein gensar til han......

Rosa og Kristine

To gode vennar, mitt tantebarn Kristine og kattungen Rosa. Bildet er tatt den dagen Rosa flytta til sin nye eigar.

01 august 2007

Sokkar i marine og kvitt

Eg har gløymt å vise fram Nettstrikk-sokkeparet til minstemann etter at dei vart ferdige. Det er strikka i "Tasseladd", str. 3-4 år.