30 mai 2007

Mirasol


I dag har eg vore så snill at eg har støtta ein
barneskule i Peru med 6 kr!
3 kroner av det du betalar for 50 gram Mirasol går altså til dette.
Det finst mange unnskyldingar for å kjøpe garn, her er ein ny!
Men spanande skal det bli å prøve dette alpakkagarnet som skal strikkast på p. 3,5. (22 m = 10 cm). Garnet finst i mange fine fargar!
Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal teste ut garnet ved å strikke lua, som ser veldig god ut, eller om eg skal starte på gensaren..... I tilfelle det siste, må eg kjøpe meir garn. Det er ein hettegensar med lomme. Ser enkel og grei ut.

28 mai 2007

Bølgeteppet 3/4 ferdig


Tok eit bilde av teppet på den samme benken for 16 dagar sidan (sjå Kludetæppe 11. mai ). Jammen har det vokse mykje sidan den tid! Synest det går ganske fort eg. Har funne ut at det er mykje raskare å hekle enn å strkke!


Her er teppet bretta saman. Eg har visst ein jobb med å feste trådar....

27 mai 2007

Blomstring


Denne blomen fekk eg av svigermora mi for eit års tids sidan. Eg har ikkje greie på blomar, så eg veit ikkje kva han heiter! Men det har vore flott å sjå korleis han har sprunge ut i full blomst i løpet av den siste veka. Mot alle odds, for det er så vidt han har fått vatn. Bak kjem ein til, men det viser ikkje så godt på bildet. Eg brukar å sitte rett ved sidan av og hekle på bølgeteppet mitt, så kanskje han har fått mykje selskap og inspirasjon no i mai?


24 mai 2007

Trimmebølge


Eg hadde ikkje noko val, måtte berre hive meg på trimmebølga til "anonym"(sjå kommentar under bølgeteppebildet under...). Så denne denne veka har eg til no trimma tre kveldar! Sjå antal skritt etter kveldens trimtur på 90 min! Bølgeteppet kjem til å vekse seinare på denne måten, men det positive er at eg kanskje gjer det samme!

20 mai 2007

Bølgeteppet halvferdig


No er teppet mitt 115 cm og i alle fall halvferdig. Det har gått raskare å hekle dette teppet enn eg hadde trudd på førehand! Eg er ikkje lei enno, og det er sterkt for å vere meg.....

19 mai 2007

Båtfestival


Denne helga er det båtfestival i bygda. Det er moro både
for små og store!
Her er det mogeleg å køyre med både ekte redningsskøyte og med Elias-redningsskøyta.
Eg tippar at det til hausten kjem strikkemønster på Elias-gensarar til barn, noko å sjå fram til med andre ord!

Henning fant eit tøft køyretøy på fire hjul og!

18 mai 2007

Tur til Volda/Ørsta


I dag var det skulefri, så då måtte vi finne på noko! Eg fekk med meg tre av gutane mine på ein liten tur til Volda og Ørsta. Eldstemann lærekøyrde, så eg kunne berre lene meg tilbake i bilsetet og "slappe av".

I Volda måtte eg innom Nettstrikk, som er ein veldig fin strikkebutikk!
Godt utval av garn og mange fine modellar.

Her er to ting som eg godt kunne ha tenkt meg å strikka. Veske frå Drops Design og strikka bølgeteppe.
Fin leikeplass for barna med heimelaga treklossar!
Sidan eg er litt hekta på hekling for tida, kjøpte eg garn og mønster til denne veska i Sumatra!
Ho er i to ulike storleikar. Eg satsar på å hekle den største i første omgang.

Litt strømpegarn blei det også handla. Fabel frå Garnstudio.

14 mai 2007

Gryteklutar i rosa og svart


I dag kom Bjørnar, som er 11 år, heim med desse gryteklutane som han har laga på skulen!
Ganske fine, ikkje sant?

13 mai 2007

Konfirmasjon


I dag har vi vore i konfirmasjon til Audhild som er kusina mi og datter av Lappetausa.
Vi er fadrar på denne kjekke og flotte jenta som her poserer i Nordfjordbunad!

Ein av dei nydelege borddekorasjonane i typiske "jentefagar"!

Det blomstra utandørs og!

12 mai 2007

Ny lappebok


Var innom Lappe Makeriet si nettside i dag og såg at denne boka har gått i trykken. Noko å sjå fram til for alle lappeinteresserte!

11 mai 2007

Kludetæppe


I går kom dei to heklekrokane som eg har bestilt frå Bendix garn.


Her er mønsteret til bølgeteppet.

09 mai 2007

Kattungane fire veker gamle


Dagens reklame


Eg blei overraska i går då eg var ein snartur innom "Rød Tråd" og fekk vite at Muskat hadde gått ned i pris frå 26 kr til 21 kr for 50 gram! Ikkje ofte ein opplever slikt, men det passar meg bra sidan eg brukar ein del av dette garnet i bølgeteppet mitt!

07 mai 2007

Bokpakke frå amazon.co.uk


Blei sjølvsagt kjempeglad i dag då eg henta posten og desse to bøkene låg og venta på meg!
Dei er kjempefine og blir nok bladd mykje i framover.
Betalte ca. 250 kroner inkludert frakt for begge to.


I den eine boka er eit kapittel med berre mønster til babytepper.

Dette er reine lappeteknikken. Forslag til korleis ein kan sette saman ulike blokker.



Her er nokre av blokkene som det er mønster til.


Synest desse to putene er ganske fine.


Den eine boka har både strikke og heklemønster, alt går i bølger.




06 mai 2007

Trampolinesesong

To glade barn som likar å hoppe på trampoline, Henning og kusina Kristine.

Bølgene

Her er ca. ein halv meter med bølger. Det går framover, men må nok slakke av litt på tempoet no. Ser at Juliann har som mål å hekle minst ein stav for dag, og det høyrest veldig overkommeleg ut!

Sommarveske

Denne veska fekk eg til førtiårsdagen min i fjor sommar av tanta mi Lappetausa. Elin er jo flink til å sy sjølv, men denne veska har ho kjøpt av Solfrid, som også er medlem i Nordfjord Lappe og Quilteklubb.
Ei fin og praktisk veske for sommarhalvåret! Slik ser veska ut på den andre sida. Ho har vore veldig mykje brukt og vaska minst ein gong. Eg har brukt denne veska til å frakte med meg Bølgeteppet mitt rundt om kring, men no er det begynt å bli litt vel trangt.

Var begynt å kjenne litt smerter her og der etter litt for intens hekling, så eg har starta på eit sokkepar for å få litt variasjon. Litt lettare å ta med seg og! Strikkar i Regia 4 tråds på pinnar nr. 2,5. Ein veldig fin (dongeriaktig) blåfarge. Strikkar eit vaffelmønster. Dvs. 2r 2 vr to omgangar, deretter alle masker rett 2 omg osv.


01 mai 2007

Vesle "Ronny"

Kattungane blir tre veker i morgon. Dei har fått auge og er så søte! Her er det niesa mi, Helene, som kosar med vesle "Ronny". Han ser litt engsteleg ut, det er nok tryggast i korga hos mamma.